Skandinaviens Biogaskonferens
Biogass for Dummies – eit studentperspektiv på nerdanes forenkling
«Det er sånn som er laga av kubæsj!» seier eit ivrig, lyst barnehovud når eg spør om nokon har høyrd om biogass. Saman med vennegjengen sin ser han på meg med nysgjerrige auge og fortel at bussane i Fredrikstad – dei går på biogass.
At fire 12-åringar skulle bli dei største entusiastane eg møtte på gata medan eg promoterte ein quiz og ei sofasamtale, båe med namnet «Biogass for Dummies», hadde eg ikkje førespegla. Kvifor så mange vaksne takka nei og gjekk rett vidare veit eg ikkje – kanskje fordi dei er teite, vaksne som er for travle til å stoppe, eller kanskje rett og slett ikkje er like lærevillige som barna.
For smarte for publikum?
Ei samla bransje med forskarar i ryggen er overtydd om at biogass kan og bør vera ei sentral del av løysinga på fleire miljøproblem. Kanskje det er her mange utanforståande dett av – eit drivstoff som handlar om meir enn å redde klima, hæ? Næringsstoffkrinslaup og hurra meg rundt. Biogassen skal ha det – produksjon og bruk av både gass og råtnerest er meir komplekst enn for dei fleste energikjelder. Difor er det nok ikkje så dumt av fagnerdane å gjere ting som å arrangere eit opent og «keep-it-simple»-foredrag, etterfylgt av sofasamtale og spørsmålsrunde. Sjølv er eg fornybar energi-student med biogass som største interessefelt, og såg fram til «Biogas for Dummies» på Litteraturhuset ved Fredrikstad-promenaden denne tysdagskvelden.
Eit miljøsmart kinderegg
«Avfall er framtidas råvare,» påpeiker foredragshaldar Kari-Anne Lyng før det heile byrjar, og gir oss ei innføring i sirkulærøkonomien. At plast kan bli plast er logisk for folk, likeins at metall kan bli metall. Mindre innlysande er epleskrotten. Her kjem biogassen inn i biletet. Kari-Anne demonstrerer med ein enkel figur. Deretter forklarar ho det sokalla «kinderegget» og dei tre miljøfordelane biogassproduksjonen ber med seg:
– God handtering av biologisk avfall/gjødsel
– Produksjon av klimavenleg drivstoff
– Produksjon av «gjenvunne» biorest
FUNFACTS
* Verdas raskaste bil er ein BMW som går på biogass.
* Omgrepet «gi gass» kjem frå at bensinbilar har forgassar og med det sender gassinn i motoren, ikkje bensin. Ein bensinbil kan soleis i prinsippet gå på biogass.
Bra for planteveksten
Diskusjonen går kjapt over frå «kva er biogass» til «kva er biogassens og biorestens rolle i samfunnet no og framover» når panelet kjem på plass. Bioresten går tilbake til jordbruket som gjødsel. Denne behandlingsmåten er med på å sørge for at næringsstoffar ikkje blir brent eller skylt ut i havet, men kjem attende til jordbruket. Spreiinga regulerast slik at konsentrasjonar av tungmetallar heldt seg innan godkjende grenser som elles i landbruket. Ein ekstra hyggeleg effekt ved biorest basert på møkk er at det næringsrike nitrogenet blir meir plantetilgjengeleg etter råteprosessen enn ved ubehandla møkk.
Skuffa over sneversynte, offentlege anbod
I regionen Nedre Glomma finnest det 120 bussar køyrer på biogass, men langt frå alle byar og fylker har vore like offensive som Fredrikstad og Østfold i si satsing på biogass. Ikkje alle fylker inkluderer eingong biogass i sine offentlige anbod på drivstoff for bussflåter og liknande. Store deler av den offentlige debatten ser berre på klimanytte, ikkje miljønytte, og fokuserer snevert på bruksfasa, ikkje livsløpet. Då blir biogassens tre «kinderegg»-gevinstar gløymd, og resultatet er at ein berre pratar om «nullutslepp» – el og hydrogen, som gode løysingar.
?Naturbiogassdiesel?
Fleire poengterte under biogasskonferransa at kommunikasjonen frå bransjen om kva biogass er og miljøgevinstane som følger med i stor grad er for avansert for folk flest. Vidare også, og ikkje minst – skilnaden på biogass og andre drivstoff. For energibransjefolk er det kanskje banalt å prate om at biogass er fornybart og naturgass er fossilt. Men kor innlysande er det eigentlig for publikum? Var det snusk i systemet under namnedåpen til naturgassen? Likeins – mange har fått med seg at biodieselhar ein svært omdiskutert miljøeffekt, og kvifor skal ikkje det då også gjelde biogass?
Kompetanse på meir enn klima
Sjølv trur eg biogassen tapar mykje prioritet på å vera ei produksjon med såpass mange variablar både på inputs og outputs. Dessverre, for dei fleste som kan mykje om biogass skjønar at biogass bør satsast på, av reine berekraftsårsakar. Det trur eg me ser på satsinga i Østfold – her har Østfoldforskning og innovative næringsaktørar vore i spissen for kompetanseheving og kunnskapsformidling. Mange fylker i landet er kompetansenivået kanskje meir tilfeldig, og det blir lett å falle på å prioritere «klimagassutslepp i bruksfase» – ein miljøfaktor som er relativt enkel både å måle og forstå, og å skryte av om ein har oppnådd reduksjon. Bransjen kan tene på å utfordre forvaltning og politikarar som på død og liv skal ha ting så enkelt. For eit reelt grønt skifte er livsløpsanalyse viktigare enn bruksfase, og berekraft meir enn klima.
Meir kinderegg!
Det siste eg vil peike på er skilnaden på kompleksitet i bodskap og formidlingsuttrykk. Eg trur at om bodskapen om biogassen som knall miljøtiltak skal vinna fram så mådetvera ein viss grad av kompleksitet – men dette i innhald, ikkje nødvendigvis i terminologi. Færre vanskelige ord, fleire metaforar, meir kinderegg! Og ein bør hugse at det også går an å prate om biogass med barna.
Artikkelen er skrevet av Margit Fausko, student NMBU.